|
|
Turområde
Vestreim
Fjellstugu ligg i Budalen, eit stølsområde ei mil frå Geilo,
opp mot Hallingskarvet. Her er lett turterreng med god variasjon.
Frå Havsdalen går den gamle bufarvegen til Vestreim, her kan ein
også sykle. Obs på blaute parti og noko stein.
Vil ein opp på Skarvet kan ein gå opp Skarvsenden. To timar
til toppen frå Vestreim. Ynskjer ein ein tur med lite stigning,
kan ein gå mot Hivjudalen, Sudndalen, og Raggsteindalen. Innover
har ein heile tida det mektige skarvet attmed seg og ein ser
Reineskarvet i nord. Det er også stig i Hovet, der ein passerar
Belgvatnet.
|
|